Kva er "tilgjengelege nettsider"?
Tilgjengelege nettsider vil seie at sidene er laga slik at innhaldet er tilgjengeleg for alle, uavhengig av om lesaren til dømes må få teksten lesen opp med syntetisk tale, eller bruker ei leselist som gjer teksten om til punktskrift (blindeskrift). Ei anna form for tilgjenge er å ta omsyn til varierande kognitive evner hjå brukarane, som til dømes lesevanskar. Når ei nettside kan brukast på mange ulike måtar, seier vi at ho er i tråd med prinsippa for universell utforming. Difi er i ferd med å lage ei rettleiing i korleis ein lagar tilgjengelege dokument. Nokre rettleiingar finst alt hjå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Kvifor tilgjengelege nettsider?
Tilgjengelege nettsider gjev fordelar for alle. Til dømes blir teksten lettare å søkje i, sidene blir meir brukande også ved surfing på mobiltelefonen, og ein kan velje å få lese opp teksten når det ikkje er mogleg å lese sjølv. På same måte er det ein fordel dersom videoklipp eller anna multimedieinnhald på ei nettside blir teksta, slik at det er råd å gjere seg kjent med innhaldet også når ein ikkje har tilgang til lyd.
Tilrådde standardar
WCAG 2.0 som gjev retningslinjer for tilgjenge til nettsider er tilrådd å leggje til grunn ved utforming av offentlege nettsider. WCAG 2.0 på minst nivå dobbel A er tilrådd forvaltningsstandard.
Diskriminerings- og tilgjengelova
Standardar for tilgjenge / universell utforming vil i framtida forankrast gjennom diskriminerings- og tilgjengelova, gjennom forskrift om universell utforming av IKT. Forskrift med standardar er under arbeid. Det er også sett i gang eit arbeid med å etablere eit tilsynsorgan for handheving av den komande forskrifta.
Førespurnader i samband med forskrift og tilsynsetablering kan rettast til uu@difi.no
klikk på lenkjene nedanfor for meir informasjon om Difi sitt arbeid på dette området:
Generell informasjon om Difi sitt arbeid med universell utforming
Difi si wikiside om arbeidet med universell utforming
WCAG 2.0 på norsk
WCAG 2.0 er omsett til norsk: